21 skoler deltok i årets NM i Historie og filosofi. Etter endt lærerjurymøte på Foss vgs 27. mai ble de seks beste kandidatene sendt videre til årets finalejury. Denne har nå diskutert seg frem til årets norgesmester i Historie og filosofi, og rangeringen med begrunnelser og medaljeessays følger under.
Nok en gang takk for deltagelse og innsats i juryarbeidet, og, ikke minst, gratulerer til vinnerne!
Gullmedalje: Linus Høydal, Stavanger katedralskole
Ein tekst som utforskar forholdet mellom demokrati og fridom på ein sjølvstendig og solid måte. Eleven brukar utdrag frå Jürgen Habermas og Martha Nussbaum si tenking, slik oppgåva krev, på ein svært god måte og tek i tillegg for seg andre tenkarar i drøftinga, slik at vi ser forholdet mellom demokrati og fridom i eitt nytt lys. Eleven konkretiserer drøftinga si med interessante døme, og tek stilling til problemstillinga ved å argumentere for at fridom alltid må innebere ufridom òg. Eit svar som syner svært god filosofisk kunnskap og refleksjon.
Sølvmedalje: Elina Juvet Kantanen, Edvard Munch vgs (Oslo)
Interessant og sjølvstendig svar som utforskar forholdet mellom fridom og påverknad av moderne teknologi. Eleven syner god forståing og drøfting av fridomsomgrepet, og særleg John Stuart Mill og hans syn på ytringsfridomen og brukar Poppers “toleransens paradoks”. Dreg også andre relevante tenkarar, som Piketty og Marx inn i drøftinga av påstanden “Mennesket har aldri vært friere enn nå”. Denne delen er interessant og god, men ikkje like gjennomført og klar som resten av teksten.
Bronsemedalje: Caroline Jansen Kvamsø, Amalie Skram vgs (Bergen)
Ein moden og ambisiøs tekst om eksistensfilosofi, og eksistensiell uro i moderne tid. Koplar på ein sjølvstendig måte problemstillinga i The Matrix til eksistensfilosofisk tenking, sjølv om denne koplinga ikkje er like klar og velgrunna gjennom heile argumentasjonen. Eleven syner solid og sjølvstendig kunnskap om eksistensfilosofisk tenking og konkretiserer det i drøfting av mellom anna klimakrisa og digital identitet.
4. plass: Aline Skuland, Kristelig Gymnasium (Oslo)
5. plass: Tuva Jansrud Udnes, Nes vgs (Årnes)
6. plass: Tuva Linnéa Wickman Hoff, Asker vgs





